Fritidsfiske i Solund. Solund er eit eldorado for fiske-interesserte turistar. Her kan du få mange gode fiskeopplevelser både på sjøen og i ferskvatn. Også sjøfiske uten båt langs svaberga har ofte vist seg å gje gode opplevelsar.
Sjøfiske.
Her er det mange variantar. Du kan fiske i fjordar og skjerma farvatn, eller du kan når det er fint vær våge deg ut på opne havområder, og der garantien for å få fisk er er større. Det er mange gode fiskeplasser rundt heile kommunen. I sjøen kan du fiske uten fiskekort. Man må allikevel passe på at man ikkje er for nær oppdrettsanlegg, da det her er fare for å sette fast sluker etc i anleggene.
Det er mange gode fiskeplasser rundt om i Solund der småseien biter villig. Den går ofte på grunnare vatn frå 20-50 meter og liker seg godt der det er litt strøm. Dorging etter lyr, som er ein fantastisk matfisk er spennande, for ein velvaksen lyr på kroken gir deg ein fin kamp. Etter lyr dorgar du langs land og gjerne med litt fart. Pilking etter torsk med stang eller snøre frå ca 40-100 m kan og gje deg flotte fiskeopplevelser.
Makrellen bit og villig om sommaren frå mai og utover høsten. Den står stort sett alltid høgt oppe i sjøen, og ofte ser du at den er oppe i vassflata på si jakt etter småfisk. Makrell er sommermat og i tillegg til kokt og stekt makrell er heilgrilla makrell med gode krydderier og ein frisk salat ein fantastisk matopplevelse. Ofte er det slik at når det kjem opp i ein makrellstim så kan det rett og slett bli for mykje fisk og ein får problem med kva ein skal gjere med all denne fisken.
Enkelte driv med utleie av båter med påhenger som du kan leie dersom du ikkje har båt sjølv.
Ingenting er som ein fin sommarkveld i ein båt i sakte fart med snøret ute, og håpet om at storfisken bit på….
Du kan og leie stor båt med skipper for å komme deg lenger til havs. Då kan det være lurt å slå seg i lag med fleire . Då er det tyngre fiskeutstyr som er tingen på grunn av djupne og straum.
Av fiskeplasser som ligg i nærområdet har vi området sør for Kråka ved innseglinga til Hardbakke frå sør. I området rundt Tungodden er mange bra plasser.
Vest for Lågøy i området frå Kråka med seglmerket på nordover mot Plitten. Vest for Kolgrov og Hjønnevåg ligg Straumsfjorden, der er det er mange fiskeplasser. I Nordsolund er området rundt Ospa og Gåsvær mange plasser der ein kan være heldig og få bra med fisk.
Ta med kart og sjå etter høveleg djupne og så er det berre å prøve!
Ferskvannsfiske.
Det er ikkje veldig mange som driv med ferskvannsfiske etter ørret i Solund. Allikevel kan det være ein fantastisk opplevelse, sjølv om fisken ikkje alltid er den største. Men turen og naturen kombinert med ei fiskestang med ein god spinnersluk, eller ein ongel med makk på til agn er og ein fantastisk opplevelse. Stillheita rundt vatna, berre avbroten av ein eller annan fugl som flyg forbi eller ein hjort som luntar forsiktig vekk etter at du har forstyrra den i skjulestaden sin, er noko av det som gjev deg denne kvalitetstida med fiskestang. Sprøstekt nyfiska ørret på ei brødskive, kan ein få noko betre?
Det er mange fiskevatn i Solund som det er fisk i. Du må allikevel kontakte grunneiger for å få tillatelse til å fiske i vatna. Spør på servicekontoret på kommunen eller i turistinfoen om kven som må kontaktast i dei forskjellige områda.